tirsdag 15. september 2015

Gjesteblogg: Kringsatt av flinkiser av Roar Ulvestad


Dette er en gjesteblogg skrevet av Roar Ulvestad i forbindelse med debatten Skal lærerne sette karakter på elevenes personlighet? i regi av Utdanningsforbundet. 

Roar Ulvestad er lektor i norsk, og har undervist i norsk, samfunnsfag og religion i "alle" år. Han underviste først ved Rudolf Steinerskolen i Bergen i 12 år, så 8 år i offentlig skole, på ungdomstrinnet ved Rothaugen skole i Bergen. Fra høsten tillitsvalgt på fulltid for Utdanningsforbundet Bergen, fram til årsmøtet 2017. 

Eg er på rett side av vannskillet og skal ikkje på dette opne møtet i Oslo i morgon. Bruker likevel høvet til eit lite innlegg:

Eg blir smått engstelig når eg les Ludvigsen sin utvalsrapport, og fabuleringane om å integrere "sosiale og emosjonelle kompetanser" i læreplanen. Eg nytter høvet til å gjere greie for kvifor eg får tillaup til frysningar i nakkepartiet:

Om vi ønsker ein meir menneskeleg og nær skule som engasjerer og utviklar elevane (og oss lærarar) emosjonelt og sosialt må vi vakte oss vel før vi tar slike demokratiske kjerneverdier og skubber dei inn i den delen av kompetansemålspraksisen der det skal skal vegast og målast, slik at dei "berre" blir nokre få kompetansemål blant alle.

Vi må engasjere elevane på alle ledd i undervisninga og gjere faga relevante og aktuelle for dei utan å grumse det til med triggerhappy kategorisering av det emosjonelle og det sosiale. Her er det mange salatar å trakke i.

Vi har i alle klasser eit stort tilfang av personlegdomar som utviklar seg i kvar si retning, personlegdomar som blir utvikla i vidt ulike retningar. Ei feil vinkling på dette med emosjonar og det sosiale kan bringe ei normalitetstenking inn i eit felt der vi er og SKAL vere ulike.

I det fleirkulturelle klasserommet er breidden av forutsetninger og livshistorier so mangfaldig og rik at det tvert om er breidda som skal definere innhaldet i undervisninga. Vi pliktar å engasjere heile breidden som er i elevgruppen og ta vare på og verne om særpreget til den einskilde. Gjennom fagleg og metodisk variasjon skal vi over tid "treffe" alle elevane med kunnskap og sosialt samspel, men utan at den einskilde skal bli stilt til veggs med misforstått normalitetstenking.

Vi skal ha undervisning og dialog som utfordrer og utvikler den einskilde og ha ei medviten retning på arbeidet med det sosiale, men å gå frå det til ei kriterietenking for "god" sosial atferd og for korleis ein på individnivå bruka det emosjonelle inn i undervisninga kan gå fryktelig feil.

Menneskemøtet elev-elev og lærar-elev er ein oase av tillit, aksept og likeverd. Dette må ikkje tynnast ut med feil type kompetansetenking. Vi vil ikkje ha like elevar. Alle skal ikkje vere like aktive eller like dosile, og om du ikkje kan "å rekke en stille hånd i været" er du likevel eit fullverdig og viktig medlem av fellesskapet.

Vi skal hjelpe og støtte elevane i å utvikle seg sjølv i sin eigen retning, ein sårbar prosess der diversitet og mangfold må stå i fokus. Emosjonelle og sosiale kompetanser skal vere nervetråder i alt vi held på med, respekt for eigenart, respekt for skilnader, ein kontinuerlig prosess der individet utviklar seg i både harmoni og konflikt med fellesskapet. Vi vil ha rampete elevar som seier oss mot, ikkje pepperkakedeiger som vi skal trykke ut i emosjonelle og sosiale former.

Vi vil gjennomføre god undervisning i lag med elevane. Dette tillitsrommet der læring faktisk skjer må ha små pusterom som ikkje er fylt til taket med kriterier. Ofte er det i det kriterielause rommet at læring faktisk skjer, der vi arbeider ut frå entusiasme og fagglede, uten å sjå på klokka og utan å krysse av i skjema. I det rommet vil både lærarar og elevar helst vere. Vi lærarar og elevar klarer å engasjere oss og utvikle oss både fagleg, emosjonelt og sosialt utan å nærlese ein lokal læreplan, resitere kompetansemål eller å drøvtygge rundskriv frå udir.

Ikkje kast meir papir inn i dette rommet der læring faktisk skjer. Kva tid vart ein elev oppglødd, fagleg målretta og kreativ av å lese kriterier for måloppnåing? Mykje av det vi driv med fordi vi "må" er knekkebrød uten pålegg for elevane, og ingen ting å drikke til.

Vi må snart bli ærlege på kven kompetansemålplanen er best for; halvintellektuelle vaksne eller lærande born og unge i sårbare vekstfaser?

Å utvikle elevane emosjonelt og sosialt skal vere mangfoldet sin fest, ikkje einfoldet sin skjematest.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar