tirsdag 13. oktober 2015

Gjesteblogg: Vurdering for læring gjer oss gode, av Siv Måseidvåg Gamlem


Denne gjestebloggen er skrevet av Siv Måseidvåg Gamlem og sto først på trykk i Tidens krav (13.10.2015). Teksten er gjengitt med tillatelse fra forfatteren. Siv Måseidvåg Gamlem er førsteamanuensis i pedagogikk ved Høgskolen i Volda og har skrevet flere bøker innenfor temaet vurdering for læring.

Korleis kan elevar lære meir og betre? Dette spørsmålet ligg til grunn for den nasjonale satsinga "Vurdering for læring" som er initiert gjennom Utdanningsdirektoratet. Utviklingsarbeidet er retta inn mot både offentlege og private skular og vektlegg korleis læraren sin vurderingspraksis kan fremje elevar si læring og skape betre vilkår for mestring og utvikling.

Grunnskular i Møre og Romsdal starta arbeidet med Vurdering for læring i 2013. Fleire kommunar og skular arbeidar no målretta med ein vurderingskultur som vektlegg elevane si læring og utvikling. 26 kommunar og fem private skular i fylket er no involverte i utviklingsarbeidet og har tilbod om å delta i eit Fylkesnettverk initiert og leia av Fylkesmannen. I nettverket møtes ressurspersonar og leiarar frå dei ulike kommunane som deltek i satsinga. Målet med samlingane er at ein gjennom erfaringsdeling og fagleg påfyll skal utvikle kompetansen i fylket om korleis vurdering kan styrke elevar sine prestasjonar.

Midsund skule er ein av skulane som starta utviklingsarbeidet i 2013 og som ser no resultat frå eit systematisk arbeid med vurdering for læring. Lærar for 10.klasse, Gunn Lech, seier at arbeidet med vurdering for læring har vore viktig for å styrke elevar sitt medvit om kvalitetar ved eige arbeid og eigne læringsprosessar. Elevar må involverast og forstå meininga med det dei held på med, seier Lech. Lærarar på Midsund skule har lagt vekt på at læringsmål skal vere utgangspunkt for planlegging og gjennomføring av ei undervisningsøkt, og at måla skal vere synlege for elevane i klasserommet og gå klart fram av vekeplanen.

Det er elevane som skal lære, og såleis må ein som lærar gjere kjent for elevane kva dei skal lære. Lech framhevar også at ein på skulen har vorte meir medvitne på å følgje opp den enkelte elev med informasjon som hjelper han eller ho til å arbeide på måtar som gir betre vilkår og kvalitet i arbeidet. Eit anna aspekt er at lærarane no prøver å summere opp læringsøkta med utgangspunkt i læringsmål saman med elevane i slutten av kvar time. Lech seier at det er viktig at elevane vert bevisste på kva dei har lært og kva ein kan arbeide vidare med.

I arbeidet med vurdering for læring har lærarane vorte meir medvitne på korleis dei involverer elevane i aktivitet og faglege diskusjonar i klasserommet. Dette gjer at arbeidsmåtar i klasserommet har endra seg. Elevane får no mellom anna vere med å utarbeide vurderingskriterium til einskilde arbeidsoppgåver dei skal gjere. Det er jo elevane som skal lære og då må dei bli kjende med vurderingsomgrepa og lære å vurdere både eige og andre sitt arbeid, seier Lech.

Eit systematisk arbeid med vurdering for læring set sine spor i klasserommet. Lærarar som arbeider målretta med vurdering for læring uttrykkjer at elevar som får kjennskap til kva dei skal lære samstundes som dei får tilbakemeldingar som fortel dei om korleis dei kan arbeide smartare skaper meir motiverte og engasjerte elevar – noko som også fører til betre læringsresultat. Arbeidet med vurdering for læring ser altså ut til å gi gevinst på fleire områder.

Denne veka deltok elevar frå Midsund skule på samlinga i Fylkesnettverket for å fortelje kvifor det er viktig og nyttig at skulen har endra vurderingskultur og arbeidemåtar i klasserommet. Elevane fortalte om ei endring i vurderingsarbeidet til lærarane som i større grad enn tidlegare vektlegg korleis elevane kan lære meir og betre.

Sigurd Reiten, ein av elevane frå Midsund skule, framheva for lærarane og skuleleiarane i Fylkesnettverket kor viktig det har vore for han og andre at skulen har starta å arbeide ut frå prinsippa om vurdering for læring. Vi veit no kva vi må gjere for å prestere betre og vi er mykje meir aktive i arbeidet, seier Reiten. Elevane uttrykker at dei også har vorte flinkare til å samarbeide og hjelpe kvarandre fram i arbeidet. No lærer vi på andre, og kanskje betre måtar, var bodskapen frå elevane. Det er ikkje slik at vi går å tenker på vurdering heile tida , men vi forstår no kva som er forventa av oss og kva vi kan arbeide med vidare.

Elevane frå Midsund framhevar at dei også har vorte mykje tryggare på seg sjølve, noko som ser ut til å gjelde for alle elevane på skulen. God vurderingspraksis hjelper dessutan på å betre vår sosiale kompetanse seier dei. Vi blir meir trygge på oss sjølve og andre – noko som gjer oss meir utåtvente og motiverte for skulearbeidet. Elevane frå Midsund skule avsluttar med ein appell til lærarar og skuleleiarar i Møre og Romsdal; "Vi vil ha meir vurdering for læring – dette gjer oss gode!".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar