torsdag 19. november 2015

1000 ord om skole: Balansekunst av Ellen Lysne


Jeg har invitert lærere og skolefolk til å skrive et innlegg om skole på Lærerbloggen. Kun to kriterier gjelder:
  • Det må handle om skole - du velger tema
  • Det må være 1000 ord eller mer

Innleggene vil bli publisert fortløpende. Send til: martin.johannessen@nionett.no


Først ut i serien 1000 ord om skole er Ellen Lysne. Hun har jobbet i skolen siden begynnelsen av 90-tallet. Folkehøgskole, musikkskole, videregående steinerskole – nå de siste 5 årene avdelingsleder på Røyken videregående skole. Faglig bakgrunn sosialøkonomi, musikk, kulturfag. Holder på med en master i skoleledelse på UiO med arbeidstittel: "Mellom dannelse og utbytte av opplæringen – fra samfunnsmandat til samfunnsoppdrag?". Du kan lese alle bidragene her.


Balansekunst
Eg undrar meg på, noko lyt det vere, for med all den kunnskapen som skal inn dei fyrste 13 åra i skulen, så lyt det vere tale om ein vesentleg auke i kapasiteten. Ja, i hovudet meiner eg.

Eg starta eigentleg å fomle med desse tankane då Lisbeth, verdens beste pedagog og ven skulle ha foreldremøte med klassen sin. Lisbeth er så heldig å undervise på same skule ho sjølv gjekk på for snart 40 år sidan. Ho tykkjer om gamle ting, og ein dag ho stod med hovudet nedi ei kasse på skuleloftet, undra ho seg – skal tru? Ho fann fram alle bøkene frå si eigen skulegong. Den staselege bunken målte 47 cm. Her såg ho i realiteten korleis omlag ein halvmeter med kunnskap ser ut. No måtte Lisbeth tenkje. Ho fann fram stabelen av bøker til klassa ho er kontaktlærar for. 167 cm! Slik ser i overkant av halv annan meter med kunnskap ut. Korleis kunne dette ha seg? Det var her spørsmålet om auka kapasitet tok form.

Lisbeth og eg drikk mykje vin, særleg i lag. Over neste vinglas tok Lisbeth opp funna sine, og dette var jo revolusjonerande! Denne kunnskapsauken sette jo både biologi, evolusjon og skuleutvikling i eit heilt nytt perspektiv. Er det slik at borna i dag har større kapasitet og kan ta i mot meir bokleg læredom enn tidlegare? Vi funderte att og fram og der framme i tunnelen begynte ei ny erkjenning å ta form. Det må vere noko med hovuda. Ja, eg såg plutseleg skuleverda i eit helt nytt ljos. Og borna i ho. Desse vakre små skrottane med gigantsekk på ryggen, lett framoverlent med subbande skritt og med hovuda bøygde mot bringa. Var dei ikkje tunge, ja og store - hovuda? Større enn før kanskje? Eg visualiserte matteprovet til Lisbet og nikka. Jau, ca. halv annan meter med kunnskap må setje spor! Stakkars born! No veit ikkje eg så mykje om dette med kor mykje plass kunnskap tek, eller kor mykje kunnskap veger, og dette med tettheit er kanskje ikkje så lett og rekne på når det kjem til teoretisk kunnskap, men så skulle ein sjå på borna si haldning, snakkar vi om kg her, fleire kg.

Og dette er ikkje så rart. For sjå på Kunnskapsløftet då, det er tungt løft det! Om ein ikkje tek med vidaregåande skal borna i grunnskulen gjennom 855 kompetansemål. (Særleg RLE står i ei særstilling og vinn med 129 kompetansemål. Interessant i seg sjølv og noko eg lyt kome attende til i eit anna innlegg.) Som sagt, 855 - ikkje rart at det trengs mange bøker i skulen då. Her trengs det større plass, både i hovudet og på timeplanen. Eg er redd reduksjonen av praktiske og estetiske fag bær byrden av dette, det tunge kunnskapsløftet. Her løftar vi saman for kunnskap, praksis ut!

Signala frå politikarane er klåre; vi lyt øve meir. Berre vi øver meir vert det nok betre, ja la oss starte tidlegare óg! 6-åringar har kjempekapasitet, og hjernen og hovudskallen er jo så fleksibel i den alderen, så lat oss presse inn det vi får plass til. Kunnskap til folket! La alle dei små hovuda vekse! Så dei herlege, flinke borna, les og les, lyttar og lyttar, ser og ser om kapp med Gudmund Hernes som Oskefisen kappåt med trollet. Vi får sjå kven som sprekk fyrst!

Dette kan nok virke ganske tøysete, men røynda slik eg ser ho, får ein stadfesting på alle stader. Hovuda må heilt klårt ha vorte større. Eg kan ikkje forstå anna ettersom dei vi liker å rådspørje oss med, politikarane, fortsett racet i vidaregåande skule. Yrkesskulane er fylte av vakre teoretiske kompetansemål, og til og med snekkerlærar Andersen skal drive med grunnleggjande dugleikar i norsk i dag. Elevane skal kunne lese, skrive, rekne og bruke IKT i alle fag. Og når Espen på Elektro må skrive rapportar på 6-7 sider etter kvart forsøk, så spørs det om ikkje verda mister ein super elektrikar i han.

Alle veit at vi treng folk i dei store handverksyrka. Kunnskaps (!) ministeren pratar stadig om utfordingane knytt til mangelen på duglege handverkarar. Det er ein stor snakkis har eg skjønt. Men treng vi elektrikarar, snekkarar, kokkar og frisørar med så store hovud? Store teorifylte kjempehovud? Det er no så upraktisk! ( Det same kunne ein óg seie om endringa frå Form og farge til Kunnskapsløftets Studiespesialiserande med Form – meir teori – ei line for deg som liker praktisk-kunstnariske fag, men som ikkje vil arbeide praktisk. Ein linje for deg med kjempehovud! … dette lyt eg visst og skrive om i eit seinare innlegg.)

Angsten tek meg, og undringa. Bokbunkane veks, hovuda veks, utdanningspotten i statsbudsjettet veks. I kapitalistisk ande er jo dette rett og riktig – vekst er målet, men kor vert det av resultata? Norske resultat glimrar ikkje i gull på dei internasjonale barometra. Høge bunkar med bøker, Pc’ar til alle elevar og massiv testing i skulen synest ikkje eintydig å gje dei resultata vi drøymer om. Har hovuda vorte for store og tunge? Mister vi balansen?

Ann Bamford har skrive eit gildt arbeid om praktisk-kunstnariske fag på oppdrag frå Unesco. Boka hennar, The Wow Factor (2006), om kultur og utdanning, er å rekne som eit standardverk innan feltet. Boka tek for seg kvifor det er viktig med dei praktisk-kunstnariske faga på skulen, kva god kunstfagleg utdanning er, og kva fordeler det gir å undervise i kreative fag eller å bruke kreativt prega undervisningsmetodar. Ved å samanlikne data og case-studiar frå meir enn 60 land, analyserar boka skilnaden mellom "utdanning i kunsten" og "utdanning gjennom kunsten". Ann Bamford identifiserer ei rekkje konkrete kulturelle og sosiale fordeler som praktisk og kunstfaglig utdanning gir.

I Aftenposten 13.03.2011 les vi at funna hennar er eintydige når det gjeld samanhengen mellom praktisk-kunstnariske fag og karakterar. "…Elever som har tilegnet seg kunnskap gjennom praktisk kunst og kultur, oppnår bedre skoleresultater enn elever uten slik erfaring…" Ho avviser vidare at dei øst-asiatiske landa sine topp-plasseringar i PISA 2009 skyldast pugging. "…Jeg er imponert over hvor mye disse landene satser på kultur i skolen".

Ann Bamford er ikkje den einaste som har teke til orde for ein meir kunstnarisk, praktisk eller ein pedagogikk tufta på heilskap. At born lærar med heile seg. Rudolf Steiner (1861-1925) står bak ei heil skulerørsle av pedagogar som snakkar om at ein kvar undervisningsøkt skal ha noko for hovudet, noko for hjartet og noko for hendene. Og at kunstnerisk undervisning ikkje i hovudsak handlar om kunst i undervisninga, men om "kunsten å undervise". Nemleg det å gje noko til heile menneske.

Benjamin Samuel Bloom (1913-999) var ein amerikansk pedagogisk psykolog som bidrog til auka forståing for læring. Han fokuserte mykje av si forsking på studiet av pedagogiske målsetjingar og at ein kvar oppgåve favoriserer ein av tre psykologiske domene: kognitive, affektive eller psykomotoriske . Kort kan ein si at det kognitive domenet omhandlar ein persons dugleik til å bearbeide og nytte informasjon på eit meiningsfull vis. Det affektive domenet er relatert til holdningar og kjensler gjeve av prosessen. Til slutt, inneber det psykomotoriske domenet fysiske ferdigheter. Bloom såg desse domena i samanheng, men det er eit tankekors at det i hovudsak er den kognitive modellen i arbeida hans som har vorte leiande innafor t.d. moderne vurderings- og eksamenspraksis.



Eg sitt attende med eit omgrep - balansekunst. Balanse mellom tanke, kjensle og det fysiske. Bamford, Steiner og Bloom snakkar alle på sitt vis om dette. Behovet for balanse når eit heilt menneske skal bli til. Dette veit vi jo, så kor er politikarane og byråkratane i utdanningssektoren? Det kan synast som om dårlege resultat i Pisa-undersøkingar og behov for politisk posisjonering har ført til ein ubalanse i utdanningspolitikken og. Eg er redd konsekvensen av ubalanse kan bli å gå skikkeleg på trynet. Det vere seg på grunn av for store hovud, for mykje teori, eller for mykje vin…

Det har vorte seint, både natta og tankane har klårna. Lisbeth og eg drikk ut. Vi er visse. Vi vil ha balanse. Vi vil ha ungar som får riktig gjødning, passe med vatn, og godt ljos. For slik vert skrottane balanserte. Klåre tankar og djerve kjensler i sterke kroppar. Ikkje store hovud – slikt fell ein over ende av. Nei, akkurat passe er riktig. Balanse.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar