mandag 23. november 2015

1000 ord om skole: “Fremtidens skole” med pinner og flintstein, av Roar Ulvestad


Jeg har invitert lærere og skolefolk til å skrive et innlegg om skole på Lærerbloggen. Kun to kriterier gjelder:
  • Det må handle om skole - du velger tema
  • Det må være 1000 ord eller mer
Innleggene vil bli publisert fortløpende. Send til: martin.johannessen@nionett.no

Det fjerde bidraget i serien er skrevet av Roar Ulvestad. Han er lektor i norsk, og har undervist i norsk, samfunnsfag og religion i "alle" år. Han underviste først ved Rudolf Steinerskolen i Bergen i 12 år, så 8 år i offentlig skole, på ungdomstrinnet ved Rothaugen skole i Bergen. Fra høsten tillitsvalgt på fulltid for Utdanningsforbundet Bergen, fram til årsmøtet 2017. 



Du kan lese alle bidragene her.

“Fremtidens skole” med pinner og flintstein

Vi skal i følgje produsentane av fine slagord lage “Fremtidens skole”. I den forbindelse skal vi “utdanne elevene for jobbene som ennå ikke finnes”. Det er paradoksalt at vi, eit langt på veg avsekularisert samfunn, skal legge planar som har som føresetnad at nokon tar eit langt og inderlig blikk inn i krystallkula.

Vi som lærarar veit ikkje kva som skjuler seg i framtida. Elevane veit det ikkje. Politikarane veit det ikkje. Resten av folket veit det heller ikkje, kanskje med unntak av ein og annan klarsynt bygdetulling som ingen spør om råd. Krava til lærarane er likevel både skamlause og massive.

Når krava skal bli realisert, buttar det mot på mange plan, men det er ofte lærarane si innstilling og “manglande omstillingsevne” som får det meste av skulda. Då eg sjølv kom inn i offentleg skule hadde eg store forventningar til å kunne få bruke gode og oppdaterte læremiddel. Eg såg for meg store og fine klassesett med lærebøker, fyldige og oppdaterte skulebibliotek og ein datapark der ting virka.

Det vart ikkje heilt som eg hadde tenkt meg. Klassesetta var gjerne ti år gamle og mangelfulle, biblioteket var i god etterkrigsmodell og dataparken var preget av brustne skjermer, håp og manglande bokstavar i tastaturet.

I kvardagen har det blitt mykje digitalt klipp og lim og endelause timar med søk på internett for å finne turvande undervisningsmateriale som passar for lokale læreplanar. Læreplanar har i for stor grad blitt skreddarsydd dødehavsrullane i skapet. Erfaringsdeling over bordet har fungert fint, men det har i liten grad vore brukbare delingsarenaer digitalt. Det har blitt til at lærarane bygg opp sine eigne reservoar av lærestoff, og pedagogiske gullklumpar ligg i for stor grad gøymte vekk i permar og skuffer.

Utviklinga rundt oss går fort, og det som var framtida for tre år sidan, er passé i dag. Offentlege innkjøp av læremiddel og pedagogiske verktøy evner ikkje å tilpasse seg desse endringane. Papirlæreverk er i dag utdaterte i det dei går i trykken, og digitale alternativ er sjølv på ein god dag svært tvilsame i kvalitet.

Læringsplattformane vi har i dag er mykje platt form og lite læring. It´s Learning, kjent dinosaur, har spist opp Fronter (mindre dinosaur) og er i ferd med å opparbeide seg monopol. Denne er slik den blir brukt i hovudsak ein administrativ plattform, der det meste av bruken er for fråværsføring, setting av merknader, innlevering av oppgåver og informasjon om veke- og timeplanar. Dette er viktige funksjonar som det er lurt å ha på ein plass, men det er gjennomført med eit saktearbeidande og klikkintensivt brukargrensesnitt som kanskje var grensesprengjande i år 2005, men ikkje i dag. Den gongen var det slik at “sinkene” ikkje var på nett, medan dei unge og dataorienterte var ivrige forkjemparar for It´s Learning. I dag er vi der at det er sinkene som er på It´s Learning, medan dei som er orienterte mot effektive nyvinningar for godt læringsarbeid, brukar andre løysingar. Ein av desse er GAFE, eller “Google Apps For Education”. Dette er småprogram som er på dei fleste mobiltelefonar og kan brukast på alle dingsar som har nettilkopling.

Både når det gjeld innlevering av oppgåver, kalender/plandeling, kommunikasjon og kreativ samskriving, er dette verkty med ein heilt annan hastighet og ein mykje lågare grad av kompleksitet enn dei gamle seige læringsplattformane. Med få klikk har du kome deg inn til den informasjonen eller dei oppgåvene du skal utføre. It´s Learning er likevel normen, diktert av avtalar ikkje ulikt femårsplanar frå Sovjetsamveldet.

Vi har nettopp hatt Ludvigsen-rapporten, som set fokus på dei ferdigheitene vi bør utvikle framover. Det blir brukt omgrep som “21th Century – skills”. Vi utdannar for framtida, og då må vi bruke det beste frå samtida, ikkje det verste frå fortida. Det er urimeleg at vi som lærarar skal kunne utdanne for framtida med utdaterte verkty.

Vi vil skrote all gammal skit som er i hyller og skap rundt i skulane. Vi vil ha læreverk der Harald V er konge, CD er avleggs og der Ingvar Ambjørnsen ikkje er det hottaste og mest tidsriktige vi kan tilby ungdommen. Vi vil ha datamaskiner som verkar, ikkje verker, og vi vil ha digitale ressursar med kvalitet. Dette er føresetnader for at vi kan tilby ei opplæring og ei undervisning som er i tråd med intensjonane. Sånn som det er har vi fått i oppdrag å gjennomføre science fiction i 1800-talskostymer. Det kan bli ganske fornøyeleg og underhaldande, men sett i lys av generell del, læreplan og dei massive forventningane som elevane, foreldra, politikarane og resten av folket har til oss, vil det lett kunne bli ein tragedie.

I greske tragedier snakker ein om peripeti, det avgjerande punkt i handlingen, som gjerne er samtidig med aktørane sin gjenkjenning av korleis ting eigentlig heng i hop (anagnorisis). Vi har ein læremiddelkrise i norsk skule, der skuleeigar no må snakke med oss lærarar og utvikle dette feltet i takt med dei krav som vert stilt til oss. I denne samanhengen er vi lærarar brukarar. Kanskje det er det som gjør at vi kan bli tatt på alvor? Forskjellen på pessimisten og realisten er som kjent at optimisten trur at alt går til pisis, medan realisten veit det.

Eg trur at å halde status quo ved like er det lettaste for dei med ansvaret og pengesekken. Å reindyrke stereotypen av læraren som utviklingshinder er gratis, og å halde kostnaden nede ved å pirke skorpene av læraren sin stigma med jamne mellomrom er god økonomi. I mellomtida jobbar lærarane langt ut over planfesta tid for å planlegge og gjennomføre god undervisning, med pinnar og flinststein som hjelpemiddel.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar