onsdag 2. mars 2016

Gjesteblogg: Rektorutdannar i fromt støt, av Roar Ulvestad


Dette er en gjesteblogg skrevet av Roar Ulvestad - @roarulvestad. Ulvestad er lektor i norsk, og har undervist i norsk, samfunnsfag og religion i "alle" år. Han underviste først ved Rudolf Steinerskolen i Bergen i 12 år, så 8 år i offentlig skole, på ungdomstrinnet ved Rothaugen skole i Bergen. Fra høsten 2016 tillitsvalgt på fulltid for Utdanningsforbundet Bergen, fram til årsmøtet 2017.


Rektorutdannar i fromt støt
I eit blogginnlegg av Johan From blir lærarane framstilt som ei homogen gruppe av underytarar som set eigne gode framfor elevane si læring. No er det ikkje eit dagsferskt innlegg frå From si side, og ut frå bloggaktiviteten kan det tyde på at det ikkje vart ein strålande suksess, men den dukkar i alle høve opp på sosiale media med ujamne mellomrom og skapar litt liv og røre. Eg skal freiste å røre litt i den tjukna grauten som ved første blikk ser meir ut som betong enn rjomegraut

Eg vil kommentere nokre av påstandane i innlegget. Eg har ei von om at Johan From ikkje representerer det offisielle synet på lærarstanden til BI Handelshøyskolen. Det er lov å håpe at ein har eit mangfald der som gjer rom for meir konstruktive tilnærmingar og framstillingar av fotfolket i utdanningssystemet enn det han frontar i denne teksten.

Norsk skule sin rangering på PISA (Programme for International Student Assessment) blir av From framstilt som ein liketil og pålitelig indikator på at lærarane gjer ein for dårleg jobb. Professor Svein Sjøberg, som er kjent for å ha ei kritisk tilnærming til denne rangeringa, seier at: 

Det blir stor oppmerksomhet om hvilket plassnummer et land havner på, selv om differensene mellom mange land ikke en gang er statistisk signifikante.I Pisa 2012 ble f.eks. Norge nr. 15 på lesetesten, men det er ikke noen statistisk signifikant forskjell på nr. 10 ned til nr. 20.

Det som metodisk ikkje blir gitt statistisk signifikans, har ganske ukritisk blitt gitt politisk signifikans av professor From. Han går dermed smidig inn i rekkene av dei som tar PISA som eit objektivt og dekkande mål på læringskvalitet. Det er problematisk når ein professor ved rektorutdanning ikkje er meir vitskapleg etterrettelig enn det. Dei indikatorane som er brukt i PISA reflekterer heller ikkje dei ulike landa sin læreplan, men eit utsnitt av det ein tenker seg som ein felles kompetansenorm. Sjøberg vidare:

Ved utviklingen av pisa-prosjektet har man foretatt en rekke valg. Først og fremst har man valgt ut tre ulike fagfelt. Pisa-fagene er som nevnt lesing, matematikk og naturfag. Alle andre fag og temaer er valgt vekk. Her finnes ikke noe om historie, geografi, samfunnsfag, fremmedspråk, kunst, musikk, litteratur, praktiske eller estetiske fag, etikk, filosofi etc. Likevel presenteres og forstås pisa-rankingen som et gyldig mål for hele skolesystemets kvalitet. I en slik situasjon kan alt annet enn pisafag lett skyves til side for å få en "bedre skole".

From sitt sentrale imperativ for skulen er å heve Norge på PISA-scoren. Om vi rykker opp fem plasser må det følgjeleg vere ein stor seier for han og for kongeriket. For dei som kan litt vitskapsteori, er det eit uvesentlig hopp, som heller ikkje seier noko om kvalitet definert på eigne vilkår, ut frå det breie mandatet som ligg til grunn for skulen.

Johan From seier at “Forskningen på effektivitet i skolen har tydelig vist at lærernes forpliktelse, og dermed også ansvar, til å bidra til elevenes læring er helt avgjørende for hvor mye elevene lærer. Problemet er at ingen pålegger lærerne denne forpliktelsen, den er privatisert til den enkelte lærer selv, og kan dermed gjøres virkelig eller ikke”.

Den første delen av utsagnet er det umulig å være uenig med. Men: vi har i røyndommen ein langt breiare forpliktelse enn å stige PISA-ranking. Formålsparagrafen og generell del av læreplanen er eit humanistisk grunnlagsdokument fylt med ein visjon om å utvikle heile mennesket. Om ein går i djupna på dette dokumentet, står PISA-tankegangen fram som ganske smålåten og avgrensa. PISA er eit instrument utforma av OECD, som har økonomisk utvikling som mål for verksemda. Sjølvsagt er det avgjerande at vi har noko å leve av, og at vi klarer å halde ved like den materielle velferda vi er vande med. Ein bør likevel utvikle eit blikk for kva PISA ikkje seier som kva PISA seier, og kva det er edrueleg å bruke PISA til. Det har vore mykje promillekøyring.

Personar sentrale i OECD har dristige påstandar om kva eit hopp på PISA-rankingen vil bety i auka konkurransefortrinn og BNP. Matematikkprofessor Jan Ubøe ved NHH har sett på påstandar om kausalitet og rådført seg med kollegaer innanfor statistikk, og har konkludert med at det er umogleg å predikere eit slikt hopp uansett kva talmateriale ein har til rådvelde. I ein sidekommentar seier han at om det er auke i BNP som er målet, kunne ein like godt ha auka kriminaliteten.

Ei undersøking som OECD sjølv har laga, viser dessutan at etter at dei forlet PISA som måleindikator og svekka tradisjonell målstyring til fordel for profesjonsstyrt kvalitetsutvikling, har dei gått opp på ratingane til OECD. England, som har køyrt hardaste målstyringslina, er på no på botnen på rangeringa av lesekunne.

I tillegg til å ha noko å leve av, må vi og ha noko å leve for. På innhaldsbiten, som går på verdier og relasjonell kompetanse, har vi ein av dei beste elevmassene i verda. Dette kan sjølvsagt vere på trass av og ikkje på grunn av dei ubrukelege lærarane. I den internasjonale undersøkinga om demokrati, ICSS, kjem Norge ut på topp.

Norsk skule kan med dekning i denne undersøkinga vise til ein skulepraksis der demokratiske verdier og oppfatninger har av dei beste vilkåra i verda. Vi er gode på likestilling og inkludering av marginale grupper, og elevane våre har gode haldningar til internasjonal solidaritet. Norske elever skårar signifikant høgare på kunnskaps- og ferdigheitstesten enn det internasjonale gjennomsnittet. Dei viser sterk samfunnsinteresse og har best samla skår på engasjement i Skandinavia. Elevmedvirkninga vi har i skulen er sterkare enn i dei fleste land. Vi kan vise til gode vilkår for å kunne uttrykke usemje og ulike meiningar i klasserommet, og vi kan vise til at ein svært høg andel elever opplever rettferdige, interesserte og lyttande lærarar. Det er mogleg at alt er “rotten in the state of Denmark”, men vi har mykje å vere stolte av, utan at vi dermed skal kvile på våre laurbær.

From framstiller ein “privatisert” praksis, der den einskilde læraren agerer etter eige skjønn. Sånn er det ikkje i skulen i dag. Ting kan tyde på at det i større grad er slik på Bedriftsøkonomisk Institutt. Vi snakkar i dag om “metodeplikt” heller enn “metodefridom”, og vi har ein stor og frodig profesjon som meir enn nokon andre veit at god vertikal og horisontal kommunikasjon er avgjerande for god undervisning og ein felles kvalitetsforståing. Vi arbeider i fag og profesjonsfellesskap der vi arbeider ut frå eit ønske om å balansere dei forventingane vi har til oss, og gjennomføre samfunnsoppdraget vårt på ein felles god måte.

Moderne leiing si oppgåve er å legge forholda til rette for at desse fellesskapa får blomstre, slik at vi styrker ein positiv felleskultur og delekultur. Den privatpraktiserande læraren er ein utdøyande rase, og fleire og fleire bruker tilgjengelig teknologi for å utvikle eigen praksis på grunnlag av kontakt med likesinna. Av og til har vi dei i kollegiet, av og til finn vi dei andre plassar. Skulen har blitt meir og meir transparent, og vi er ikkje so gammaldagse som framstillinga til From ber preg av.

Samarbeidet mellom lærarar og leiing i dag er tufta på Hovudavtalen, som er eit samarbeidsdokument forhandla fram av partane i skulen. I denne har vi skissert maktstrukturar som er både vertikale og horisontale. For mange er vel den horisontale maktdistribusjonen hard å svelgja. Det er heilt legitimt at ein professor kan drøyme seg tilbake til “gode gamle dagar”, då ein ga folk beskjed om kva dei skulle gjere og det blei gjort. Lærarar av i dag arbeider ikkje på den måten, vi har eleven si læring, velferd og framtid mellom hendene. Der vertikale påbod truar ein av desse tre pillarane, er det vår oppgåve å seie stopp.

Vi skal ikkje lene oss tilbake og klappe oss for mykje på eigen skulder. Vi har utfordringer i fleng på vegne av dei flotte elevane våre. Vi har mellom anna, i uprioritert rekkefølge: fråfallsproblematikk, dysleksi, utanforskap, mobbing, felles kvalitetsforståing, breiddeoppdraget vårt, lesing, skriving, rekning, elevpassivitet, spiseforstyrrelser, psykisk helse, læringsstyrkande Ikt-bruk, variasjon og kreativitet. Å arbeide systematisk på desse felta gjev ingen validert garanti om PISA-suksess, men dei er basert på grunnoppdraget vårt om å lage gagns menneske.

From snakker avslutningsvis om at med grunnlag i godene vi får som lærarar er det “lærernes forpliktelse til å betale tilbake i form av økt læring hos elevene.” Økt læring ja, læring av meir enn berre det som løfter oss på PISA. Økt læring av det som styrker elevane sin kompetanse og mot til å gå inn i eit globalisert og heterogent framtidssamfunn. Økt læring av det å tru på seg sjølv og kraft og vilje til å gå for det som gjev eins eige liv meining og retning. Det blir kanskje for svevande i ein bedriftsøkonomisk kontekst.

Chris Tienken skriv i New Scientist at “(…) kreativitet og initiativ er egenskaper som er sentrale for entreprenørskap og framgang. Slike egenskaper blir ikke målt i de internasjonale testene. En skole som preges av en testkultur kaster bort verdifull undervisningstid, og testene presser ut nettopp de egenskapene som er viktige for et dynamisk næringsliv.”

Han konkluderer med at “Good test takers are not good risk takers”.

Han er for øvrig professor i “Education Administration”, so han burde det gå an å lytte til. Diverre har han og vore lærar. Upålitelig slask.

1 kommentar:

  1. Roar Ulvestad: :-) ! Dette bør alle som jobber med skole og utdanning lese. Og i særdeleshet politikere m.fl. som ser seg blinde på PISA og testhysteri.

    SvarSlett