lørdag 2. juni 2018

Simon Malkes' tale ved mottagelsen av Fritt Ords Honnør


Takketale ved mottaginga av Fritt Ords Honnør
Av Simon Malkenes - @SimonMalkenes

Takk, alle.

Takk, Dordi.

Til Anna og August, og alle barn i Norge.

Læraren speler ei viktig rolle i samfunnet. Å være lærar er òg eit djupt politisk arbeid. Derfor inngår kampen mot læraren i ein kamp om skolen og med det òg om kva samfunn vi skal ha. Grunnen er at læraren ikkje berre skal lære opp nye generasjonar, han representerer òg eit livssyn, ein humanitet og eit menneskeverd i kraft av si etiske gjerning i møte med dei unge. Læraren veit at barn og unge ikkje er rasjonelle enkeltindivid, læraren veit at dei like mykje er summen av sine omgivnadar, av dei kåra dei veks opp i. Og at elevar i skolen derfor må lærast og dannast slik at dei kan leve saman med andre menneske, i eit fellesskap. Denne kunnskapen gjer læraren til ein viktig del av samfunnet, og det har gjort lærarar i stand til å stå opp mot overmakta, som i den ikkje-valdelege aksjonen mot Vidkun Quisling og Nasjonal Samling i 1942.

Det store norske oppgjøret om kunnskap i skolen artar seg som ein kamp mot læraren og det læraren representerer, ikkje berre i klasserommet, men som samfunnsmakt. For kunnskapssamfunnet har ikkje rom for lærarens kunnskap og makt. Den hindrar eleven i å bli den humankapitalen som skal sikre landet si konkurranseevne. Systemskiftet kjempar mot lærarens kritiske kunnskap og etiske framferd fordi dette står i motsetning til den instrumentalismen som nyliberalismen krev. Læraren si samfunnsmakt spring ikkje ut av viljen til effektivitet, men ut frå ønsket om å gjere det som er rett i møte med andre menneske. Ingen andre enn læraren kan fylle ei slik rolle. Derfor er kampen mot læraren ein kamp om kva samfunn vi skal ha. Utan ein varm og omtenksam lærarstand vil ein få eit kaldare og hardare samfunn.

Sjølv er eg framleis i skolen. For eg er glad i den, som Sokrates var glad i Athen. Sokrates ville lære dei unge å tenke sjølve. Men det utfordra makta. Og dei dømde han for å forderve ungdommen. Han kunne ha forlate byen han elska, og redda livet. Men han ville ikkje møte urett med urett. Derfor blei han og tømte giftbegeret. Denne boka stiller spørsmål som det ikkje er rom for i skolen i dag. Den utfordrar makta. Den møter urett med rett. For når ein arbeider i ein skole som Osloskolen, er profesjonell yrkesutøving avhengig av vilje til å følgje si eiga moralske overtyding i slike store spørsmål. Og det er avhengig av korleis ein møter desse spørsmåla i kvardagen, i klasserommet med elevane." (Utdrag frå "Bak fasaden i Osloskolen", 2014.)

Eg har tenkt mykje på kva ein lærar gjer, kva det vil seie å være lærar. Og eg har kome fram til at ein lærar søkjer å finne måtar å være glad i alle barn, uansett. Det er det vi lærarar gjer. Og det kan være forbanna tøft. Men det er det som gjer oss til lærarar.

Læraren vil derfor fortelle når skolen ikkje er til det beste for barna der.

Dei som styrer skolen sit langt unna klasserommet, er ikkje saman med ungane. Dei treng derfor å få ferske forteljingar frå klasseromma for å styre godt. Nokre av desse forteljingane vil motseie førestellingar politikarar, byråkratar og skoleleiarar har.

Husk derfor at demokrati, ytringsfridom og søking etter sanning heng saman. Når motseiingar oppstår, må dei omfamnast og undersøkast i vennlege, men kritiske former, i ein god ytringskultur. Utan dette kan politikarar, byråkratar og skoleleiarar isolere seg på ei øyde øy, som ein Robinson Crusoe, der ein ikkje får brynt sitt syn på andre. Og kva skjer då? Jau, oppfatninga deira blir ikkje korrigert. Og då kan oppfatninga til nokre få, langt unna klasserommet, bli det som skal kommanderast inn i klasseromma og til barna der. Det treng ikkje å være til det beste for ungane der.

Styrer ein skolen frå slike øyde øyer, kan livet i skolen etterkvart stoppe opp og ein får stillstand. Ein tenkjer at planane må gjennomførast betre, strengare, hardare. Då blir alt bra. Og barneauga vert styrt mot stadig fleire læringsmål, vurderingskriterier, skjema og oppskrifter. Skolen som skulle vore levande og full av nysgjerrigheit blir kjedeleg, elevane mister mot og motivasjon, dei vert urolige og vil heller gjere nok anna.

Det er desse klasseromma lærarar kan og vil fortelle om. Det er ikkje svartmåling, hets og demonisering. Det er demokrati, openheit og søken etter sannhet.

Det er derfor ein må lytte til læraren.

Berre ved å lytte til læraren kan ein klare å gje alle unge i skolen deira eiga mogelegheit til sjølv å forme deira eiga verd, i deira eiga tid. Slik dei sjølve vil ha den.

Takk.

Foto: Gunhild Nohre-Walldén


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar